Kjærkome drivgods

Ei reise på langs av Nord-Island er ikkje for sarte sjeler som likar variert skog med fuglekvitter. Her og der dukkar det opp mektige strender, og tar du kvilepausen på slike stader får du mest truleg sjå store mengder drivtømmer. Drivtømmer har vore brukt så lenge det har budd folk på Island, og til tider kommersielt. Framleis vert slikt tømmer brukt i husbygging. Politisk har det vore oppmuntra til bruk av drivtømmer av di det ofte er gode tresortar, til dømes lerk. Sibir er ein sikker 'leverandør' av drivtømmer.

For hundre år sidan var det ein verkstad på Nordvest-Island med snikkarar som hadde drivtømmer som råvare og hovudinntekt.

Det er ikkje til å unngå, i vår tid, at det også hopar seg opp vanleg søppel, for det meste plast. Nederst eit lite plastflak som har sett seg fast i lavasanden.


Den frie fotografen

Til trøyst for den som famlar i blinde: Black+White Photography har merkt seg at fotografia til Doug Chinnery er påfallande varierte.

– Eg har tenkt mykje på dette, seier Chinnery, – for dersom du les om kva som er venta av ein fotograf, så er det visst meininga at han skal utvikla ein spesialitet og bli kjend for ein spesiell sjanger, slik at arbeida kan identifiserast med personen. Denne forventninga har plaga meg i mange år, men no har eg bestemt meg for å ikkje bry meg. Det er svært vanskeleg å setja meg i bås som fotograf. Eg er ganske enkelt ein friluftsfotograf som likar å fotografera allslags ting. I dag har eg drive med gatefotografering og litt arkitekturfotografering. Eg elskar landskap og macro. Eg fotograferer det som fangar auga og set fantasien i sving.

Så langt Chinney. Eg vimsar også omkring. Stundom veit eg kva eg er ute etter utan at eg veit det.

Eg viste ei sigarettøskje i førre blogginnlegg, og viser berre éi til no, for eg fall for illustrasjonen. Namnet Romania finst på pakken, så då er vel også språket rumensk.

Endå eit motiv med ein historie. Ei lita jente i yr glede over ny dokkevogn. Så går det som vanleg i vårt overflodssamfunn – den rosa plastkreasjonen har datostempling, kanskje fell ei tåre, men så vips er vogna ute av syne og sinn, og som ei ny forureining av miljøet.

Den vraka presenningen står fram mjuk og fin, og med eit dunkelt djup som kan setja fantasien i sving.

Det såkalla tapekonseptet har eksistert i kunstverda ei stund. Denne kreasjonen er utstilt i taket på ein tilsidesett kontainer. Ein kunstkritikar kunne sikkert fylt fleire spalter om verket. Eller kanskje ikkje.

Glansbiletet og antifotoet

Årboka til Norsk selskap for fotografi ligg på salongbordet. Boka viser det beste norske fotoamatørar kan by på. Fantastisk, tenkjer eg. Misunninga piplar fram. Kvifor er ikkje eg like flink? Så kjenner eg motviljen, og til slutt det gode bokmålsordet 'vemmelse'. Kva er det som ikkje stemmer? Boka er volumiøs og einspora. Dataprogramma Photoshop og Lightroom ligg som ei tjukk hinne over det heile. Bileta er glatte, utan motstand, meiningsfylde eller nerve. Dei er polerte, kolorerte, iscenesette, koreograferte. Impulsiviteten er borte. Strevet etter det fullkomne har drepe fotografiet. Det er honning, servert med sukker på toppen.

Tilmed foto som er meinte å skapa ei viss uhygge er omhyggeleg tilrettelagde. Dei fell pladask igjennom.

I tilleg kjem yrkestitlane på fotografane. Dei tilfører boka ein viss humor som må vera utilsikta: Pensjonert lærar, fagarbeidar, operasjonssjukepleiar, assistent i barnehage, trygda grunna kreft, fotokunstnar, sjølvstendig dagdrivande, tidlegare dagleg leiar, undermålar…

Det finst foto å gle seg over, men hovudinntrykket er ei slags semje om korleis amatørfotografiet skal vera, og at impulsar utanfrå kan vera skadeleg. På den andre sida veit eg at amatørane dyrkar hobbyen sin med stor glede, at det er mental helse i kvar eksponering, og at dei har rike og gode sosiale fellesskap. Det er ikkje dét det handlar om.

Eg får lyst til å introdusera ein nye sjanger, anti-fotoet. Men eg veit ikkje kva eit antifoto skulle vera. Kanskje slik som bileta nedanfor?

Bilferja «Gloppen». Tristare ferje skal ein leita lenge etter. Sjå for deg ei gamal dame som sit på inste setet og glor i veggen i førti minutt. No veit eg kvifor strikketøyet og spenningsromanen er oppfunne; for å hindra utbrot av galskap under slike forhold.

I vegkanten: Eg er svak for sigarettøskjer med påtrykt moral frå styresmakter som tillet sal av svineriet.

I vegkanten: Det sunnaste i junkfooden ligg att på botnen.

Utan leidningar kollapsar kongeriket. Sjå for deg eit hus der alt er borte, berre leidningane heng att i lufta.


Tamhjorten

For 17 år sidan flytta me til utkanten av kommunen. Her er det god plass og avstand mellom husa. Ville dyr var sjeldan å sjå, eitt og anna fotefar oppi skogen, ein hare hoppa ein gong rundt huset. Hjort såg me aldri. Den var sky og oppførte seg som hjortedyr flest, med respekt for Homo Sapiens, det mest farlege rovdyret på landjorda.

På desse åra har det skjedd ein hjorterevolusjon. Eit sky og vilt dyr har utnemnt seg sjølv til vår tredje beste dyreven etter hund og katt. Hagen har vorte eit naturleg habitat. Midt på lyse dagen står den og tygg i seg blomelaukar, roser, plommetre og alskens knoppar. Snakkar nokon hardt til den og ber den dra seg heim att opp i skogen, glor den med mørke uutgrunnelege auge og et vidare.

Har det skjedd ein genetisk mutasjon? Redselen for mennesket er vekke. Dyret har skjøna at det moderne mennesket finn kjøtet sitt i frysedisken på Rema. Hjorten er under statlege lover og regulativ, og nyt livet.

Me har prøvd det meste. Urinering for å markera revir. Utlagt menneskehår, pliktoppfyllande oppsamla av  den lokale frisør. Billeg og sterktluktande handsåpe strategisk hengt opp i tre. Snublesnorer med skramlande bikkboksar. Men ikkje noko ser ut til å hjelpa. Det er berre ein ting å gjera, verta godven og å gje dyret kosenamn. Kva namn passar til hjorten? Kvitrompe, Kjappfot? Då kan me seia til det nybakte husdyret; if I can`t eat you, I`ll join you.

Millionar for ei kløft

Eugene er ein mindre by i staten Oregon, vest i USA. Der bur fotobloggaren Blake Andrews, og eg fell for freistinga til å gje att litt av tankane han gjer seg om nokre av dei dyraste fotografia i verda.

Eugene vil gjerna vera eit senter for kunst, og på Jordan Schnitzer Museum heng for tida tre foto tekne av Peter Lik. For dei fleste er han ukjend, men han er nemnd på obsfoto tidlegare. I fjor selde han fotografiet «Phantom 2013» for 6,5 millionar dollar (52 mill. kroner). Det vart ei forferdeleg røre i kunstkrinsar; handelen rysta the establishment. Fyren var amatør, utan kunstnerisk utdanning. Han høyrde ikkje til i det gode selskap. Ikkje nok med det; i etterkant har han selt to foto til for millionsummar, slik at han samla for tre foto har håva inn 80 mill. kroner.

Andrews tok turen til museet for å sjå på herlegdomen. Han tykte bileta var keisame, på linje med mykje anna som hopar seg opp i musea. I tilfellet Peter Lik fekk finkulturen ein på trynet, kommenterer han.

Men heile poenget er, i dette tilfellet, skattesystemet. US-statane har ulike skattereglar. I Oregon får kunstseljarar monaleg skattelette på salssummen dersom bileta har vore utlånte til ein institusjon og viste offentleg i eit bestemt minstetidsrom.

Eg har nemnt før at eg ikkje er storforlangande, så eg skal seia meg nøgd med eit par hundre tusen for nokre av mine foto.

Biletet Peter Lik vart rik på,  viser - i svart kvitt - botn av ei kløft (canyon) der ei stripe sandstøv reflekterer lys ovanfrå.


Portrett uten ansikt

Jeg tar eller har sjelden oppdrag; heldige meg: jeg kan gjøre akkurat som jeg vil!

Men av og til er det en god øvelse å få en oppgave fra andre enn seg selv. I en workshop-setting kan det sette fri uante muligheter og spenning. Denne gangen kom utfordringen fra fotoklubben: Portrett uten ansikt. 

Siden jeg er en person som liker å gå rett på sak, tok jeg oppgaven helt ordrett: først ta et portrett og så ta vekk ansiktet. De nærmeste ble modell, portrettert i lik setting. Så ble bildet printet på fotopapir, og deretter skjulte jeg ansiktet ved å legge noe oppå det; helst noe som på et vis er relatert til personen. Roseblad på den skjønne, sarte, snart ungdommen. Sukker på den søte minstemannen. Lego på han som bygger et univers av små byggeklosser. Og tranebær på hun som er opptatt av en sunn livsstil. Dette avfotograferte jeg så på nytt for å få det ferdige resultatet.

Og hvem vet, kanskje det er opptakten til en serie som kan bygges ut?


Fugleskremselbyen

Etter å ha forlate vaskebrettet sør for nasjonalparken Jökulsárgljúfur, var det himmelsk å koma inn på ein normal veg i retning Kópasker. Eg og reisefølgjet fryda oss som born.

Eg har sett Kópasker framheva som ein vedunderleg stad. Det skjønar eg ikkje, men opphaldet vårt var for kort til å oppdaga det eventuelt vedunderlege. Byen hadde 122 innbyggjarar i fjor. Dei få husa er ordna i eit kvadratur, med kyrkja utanfor sentrum på eine sida og saueslakteriet på andre sida. Trass få folk er her barneskule, barnehage, fotballbane, ei tenleg fiskerihamn, ein seismisk målestasjon, butikk og farfuglarheim (ungdomsherberge) og kyrkje. På kveldsturen møtte me tre-fire personar og ein golden retriever.

Etter vårt ønskje greidde kassadama i butikken å trylla fram eit enkelt, varmt lite kveldsmåltid.

I byen og nært omland er det over hundre figurar av type fugleskræmsel, nokre av dei bra forseggjorde og ikkje utan humor.

For snart førti år sidan fekk by og hamn store skader i eit jordskjelv som slo ut på 6,2 på Richters skala. Island har om lag 150 jodskjelv kvar veke. Dei fleste er knapt merkande.


Fossar og vaskebrett

I Akureyri leigde me bil for å reisa austover, sørover og vestover til Reykjavik. Utleigaren snakka bra norsk etter fleire år i Noreg. Eg er svak for fossar, og aust for Akureyri ligg to fossar som er absolutte reisemål. Godafoss (foto 1) skuffa ikkje. Store vassmengder frå innlandet samlar seg i elva Skjálfandfljot og dannar Godafoss på veg havet. Fallet er berre 12 meter, men fossen er like fullt mektig!

Dettifoss i nasjopnalparken Jökulsárgljúfur er endå mektigare. Frå ringvegen kring Island kunne me velja mellom to vegar. Me lytta til rådet frå bilutleigaren, og angra bittert (foto 3). Nesten tretti km med vaskebrett – systematisk 2. girs vaskebrett – og hundre prosent omgitt av øydemark. Islendingane bygde vegen, og må ha overlate vedlikehaldet til djevelen. Ved avkøyringa til Dettifoss såg me fosserøyken knapt éin km unna. Då var det seint på dag, og me var så fillerista av vaskebrettet at me gav blaffen i ei vakker oppleving. Dettifoss er 44 meter i fallet og hundre meter breid.

Men ringvegen kring Island er god i nesten heile si lengd (foto 4). Eg køyrde makeleg, og andre bilar  fossa forbi meg.

– Din elendige gapahuk, ropa eg til dei,  – din fjøsnisse!

– Hald deg på rett side av vegen! kom det frå reisefølgjet mitt.

Foto 2 viser ein lavaformasjon nær Myvatn. Lavaen boblar opp, størknar og brest.


Sitat

Sitat er som fotografi, det er utsegner tatt ut av ein samanheng. Sitat må derfor takast med ei klype salt, dei fortel ikkje heile sanninga. Det gode er at dei kan gje rom for ny tolking, triggar fantasien og lagar nye historiar. 

Kunne derfor ikkje motstå freistinga til å laga ei lita sitatsamling frå essaysamlinga til Susan Sontag,  si «On photography». Ho kan vera poengtert og hardtslåande, og slikt eignar seg godt. Det kjem kansje fleire sitater seinare.

Sitat Sontag:

- Fotografiet et det mest mystiske av alle objekt i vår moderne røyndom.

- Det ligg ein løynd aggressivitet i all kamerabruk.

- Tida sjølv gjer til slutt alle fotografi til kunst, sjølv dei mest amatørmessige.

- Fotografiet fremmar eit syn på verda som fornektar samanheng og kontinuitet, men det tilfører kvar augneblink eit skin av mysterium.

- Strengt tatt kan ein aldri forstå noko med utgangspunkt i eit fotografi.

- Fotografiet er veleigna til å utradera ei historisk forståing av verda.

- Fotografi kan sjokkera i den grad dei viser noko nytt. Men innsatsen vert stadig høgare, for bilete av det grusomme finst overalt.

- Dei fleste amatørfotografar meiner eit vakkert bilete er eit bilete av noko vakkert.

- Fotografering er eit allmektig blikk frå ein viss avstand.

- Det mest urovekkande ved Diane Arbus sine fotografi er slett ikkje motiva, men det samla inntrykket dei gjev av fotografen sitt medvet.

- Kameret til Arbus har ei evne til å fanga inn normale mennesker på ein slik måte at dei verkar unormale.

- Arbus ville aldri tatt bilder av ulukker. Ho spesialiserer seg på langsame private samanbrot, pågått heilt sidan den fotograferte personen vart fødd.

- Surrealismen ligg i sjølve kjernen av det fotografiske prosjektet, i det å skapa ei duplikatverd.

- Dess mindre bearbeida, dess mindre dyktig utførd, jo meir naivt, desto større krav på sanning kan eit fotografi pårekna seg.

- Synet på røyndomen som ein eksotisk plass for den oppegåande jegeren med kameraet, har vore ein del av fotografiet frå begynnelsen av.

- Fotografen er den personen som både dokumenterer og finn opp fortida.

- Enkelte fotografar etablerer seg som forskarar, andre som moralistar. Forskarane lagar innhaldsliste over verda, moralistane konsentrerer seg om unntaka.

- Robert Frank og boka «The Americans» spegler dokumentarfotografiet si tradisjon med fråtsing i fattigdom og heimlause.

- Kameraet gjer i sitt vesen alle til turistar i andre menneske sin røyndom. Til slutt òg i eins eigen. 


Fotografia som fylgjer dette innlegget er «random» som det heiter no. Dei for stå for seg sjøl, som sitata.


Svart og kvitt

Fotografen Alec Soth meiner foto av gamle vakre låvar er blitt ein klisjé. Me som vegrar oss for klisjear fotograferer difor ikkje vakre gamle låvar. Eller? Fotografen William Eggleston finn det vakre i fry mrdt banale, medan Soth med eit sukk slår fast at titusenar av fotografar tek nett slike bilete.. Så kva anna kan ein gjera enn å bli matt og oppgitt? Då siterer eg ein tredje amerikansk fotograf, Michael Reichmann: – Eg har nyleg vore ute på bondelandet og fotografert gamle låvar og tidlege haustfargar.

Glad og nøgd  gjer han det som ein annan ikkje orkar tanken på. Det handlar om å gjera fotografiet til sitt eige.

I boka «En Passant» av Irving Penn såg eg nyleg foto av gamle utslitne arbeidshanskar. Slike har eg fotografert i fleire år utan å tenkja på at kanskje nokon har gjort det før meg.

Så kva med siloballar? Kor mange andre er det som fotograferer siloballar.? Skitt au. Dei har sine, eg har mine. Her er eit knippe frå Sør-Island. Eg vart nesten frå meg av fryd over å finna ein haug med berre svarte ballar pluss éin sau. På eit av bileta er siloballane langt der nede nesten løynde av vassrøyken frå Skogafoss.