Å flørta med Eggleston

William Eggleston vert rekna som ein banebrytar i moderne fargefotografi. Eg har eit kverulantisk forhold til fyren. Korleis er det mogleg å ta så mange 'dårlege' foto og likevel få status som ein av dei store? Fotoet hans av ein trehjulssykkel vart i 2012 selt for 2,9 millionar kroner. Når slikt skjer, eksploderer kommentarfeltet i fotobloggane av indignasjon, som til dømes at trejulssykkelen er eit snapshot som ein kvar tosk med eit kamera kan ta.

Den nederlandske fotografen David Cohen de Lara meiner det finst gode grunnar for at enkelte foto er meir verdfulle enn andre. All stor kunst endrar måten me ser verda på, eller den skaper ei ny verd i seg sjølv. Det er dette som skil kunsten frå handverket. Den mest verdsette kunsten er alltid døme på ei heilt ny retning. Eggleston introduserte fargefotoet i ei tid då kunstfotoet var fullstendig dominert av svart-kvitt, og dette endra fotokunsten for alltid. Fotoet av trehjulssykkelen typifiserer fotografen og den rørsla han var ein del av. Fotoet viser det vakre i det alminnelege, og gjev det kvardagslege ikonisk kraft. Trehjulssykkelen avslører den einsemda som lurer bak fasaden i den amerikanske forstaden. Når kunsten tek ny retning, som i tilfellet Eggleston, skjer det berre éin gong og aldri meir. Kunstverda verdset dette, mellom anna med ein prislapp.

Så langt de Lara. Så får det våga seg at Eggleston har ei skarp tunge. Ein av dei som kjenner han, seier at Eggleston kan drepa ein person med éi setning.

Sykkelen nedanfor er difor ein klisje. Det får våga seg. Det får vera til ære for Eggleston. Dessutan er det ein rosa sykkel med støttehjul på Værlandet, ikkje ein trehjulssykkel.

Haugen med takstein og eit rufsete murhjørne er utenkeleg i eit blasert og (u)danna sovebymiljø. På Værlandet er det greitt. Dei to siste bileta er frå ei bedrift på Værlandet som foredlar steinsorten sedimentær breksje. Det er ei einmannsbedrift med ei kvinne som eigar og einaste tilsett.