Mjukt og hardt

Fotograferinga er minimal på denne tid av året. Gløden er ikkje på topp. Men dei er i alle fall ferske, dei to enkle motiva som ligg ved her. Eg er fascinert av Harry Callahans forsøk med enkle plantedelar mot lys bakgrunn, og mange andre (og eg ) har hatt glede av same type motiv. Eg vonar å kunna reindyrak temaet neste år både i minus- og plussgrader.

Det andre er rim på ei svær jernplate.

To bøker er det blitt i år, med is og tre som tema. Det er svindyrt (alt er relativt), men nokre gleder skal ein ha. Gleda ligg i å ta steget frå tanke til handling, å ha tru på at bileta er gode nok til ei bok, og å sjølv ta ansvaret for utforming av bøkene. Så får det våga seg om opplaget berre er på to til fem ekksemplar.

God jul og godt nyttår til de som følgjer bloggen!